Æresprisen 2018

HRA-N fyller 10 år og planlegging mot årsmøtet 2018 er i full gang. Her skal det også deles ut ærespris til noen som har utmerket seg i forhold til arbeid for å fremme menneskerettene i Norge.

Forslag til hvem du syns fortjener Human Rights Alert – Norway sin Ærespris 2018 kan sendes berit.aarset@hotmail.com innen 1.mai 2018.

Ros til Ina Giske for hennar artikkel 11.01.18 «Barnevernet – eit vern for kven?»

Av Berit Aarset, leder i HRA-N.

På trykk i sunnmørsposten 29/1-2018 

Det er ei glede å sjå at det fins ein politikar, som Ina Giske(FrP), som tek rolla si som ombodsmann for barn og familier på alvor og praktiserer folkestyre. Karl Johan Skårbrevik skreiv i smp 04.12.17 kronikken «Frå folkestyre til forvaltningsstyre» som omhandla forvaltningsideologien «New public management». I smp 12.01. framstår, leiar Roar Dyb-Sandnes og nestleiar Svein Inge Molnes i Helse- og omsorgskomiteen, som politikarar som praktiserer nettopp forvaltningsstyre sidan dei gir full tillit til Giske barnevernteneste. Det verker som dei verken vil høyre eller ta tak i innbyggjarane sine negative røynsler med barnevernet.

Det er nettopp slik eg har sett at politikarar og barnevern har utvikla seg dei siste 30 åra; barnevernet er blitt som ein stat i staten. Eg har skreve boka «Maktovergrep og justismord» (haugenbok .no), det er den einaste barnevernssaka i Noreg der alle sakspapira er offentlege. Den viser korleis barnevernet kontruerer ei sak utan ei einaste bekymringsmelding. Alle politikarar bør lese den, fordi ein trur gjerne ikkje kva foreldre i barnevernsaker fortel fordi at dette kan ikkje gå føre seg i ein norsk offentleg etat. Mine kommentarer på framferda til barnevernet synleggjer ei såkalla «puslespel-sak» som ein m.a. kan lese om i doktoravhandlinga til psykolog Elisabeth Backe Hansen med tittelen «Rettferdiggjøring av omsorgsovertaking».

Barnevernet generelt snakkar med minst to tunger; ei til media, politikarar, fosterforeldre/institusjon, advokat, fylkesnemnd og rettssystemet og ei anna til biologisk familie. Fryktkulturen som barnevernet si framferd skaper, gjer at svært få tek til motmæle. Foreldre med tiltak frå barnevernet har frykt for å seie det dei meiner i risiko for ev omsorgsvedtak. Dei som snakkar så ofte om «barnets beste» er gjerne dei som veit minst, manglar innsikt eller har mest å skjule.

I smp 15.ds skriv leder i Stortinget familie- og kulturkomite, Tone W. Trøen(H) om at «kanskje det viktigste endringen for mange barn, er at ordet kjærlighet tas inn i lovens formål». Videre nemner ho dei såkalla «Barnevernsproffane» i «Forandringsfabrikken» og at «De har etterlyst et barnevern som arbeider mer og tydeligere med kjærlighet.» Dette kan vel berre bli forstått slik at det er omfattande omsorgsvikt for tvangsplasserte barn innan barnevernet når slike krav kjem til overflata.

Berit Aarset, sjukepleiar og leiar i Human Rights Alert – Norway. 

Frå folkestyre til forvaltningsstyre

Artikkel skrevet av Karl J.Skårbrevik.

Har stått i sunnmørsposten 4. desember 2017

HRA-N har fått tillatelse fra forfatteren å legge ut. Tusen takk

Forvaltningsideologien ”New public management” kom med den politiske høgrebølgja på 1980-talet. Det offentlege skulle no styrast på same måte som større aksjeselskap i næringslivet. Som i desse skulle det skiljast mellom eigarskap representert ved politikarane, og drift representert ved forvaltninga. Politikarane skulle ta seg av strategi, målsettingar og tilhøyrande politisk retorikk, og forvaltninga omsette den politiske retorikken til praktisk politikk. I næringslivet er det ein organisasjonsmodell som skal maksimere profitten for eigarane. I offentleg forvaltning ein modell for å få mest moglege tenester for minst mogleg pengar. I næringslivet ligg innteninga ute i dei ulike produksjonseiningane. I det offentlege ligg innsparingane ute hos dei einingane som leverer teneseter til innbyggjarane. Hos er skular, helseinstitusjonar og andre tenesteytande ”verksemder” som må ta støyten når det skal effektiviserast og sparast.

På statleg nivå fekk ein direktorat for ulike tenester som staten skal yte, skilt frå dei politiske departementa, og langt unna det politiske Stortinget. Direktorata delegerte vidare til regionale avdelingar eller føretak. I kommunane er dei skulestyra, helse- og sosialstyra og andre politisk samansette styrer for kommunale tenester borte. Det faglege og økonomiske ansvaret er delegert til den enkelte skule, sjukeheim eller andre kommunale ansvarsområde, og som er direkte underlagt rådmannen. Etter denne administrative tenkjemåten er dette ”verksemder” som kommunen bestiller tenester frå som og skal leverast innafor ei viss budsjettramme. Ved dette legg modelen til rette for fristilling av ulike tenesteområde. Vi har fått offentlege aksjeselskap med eigne styre som vesentleg grad kan operere uavhengig av politiske organ, eller ein kan overlate levering av tenestene til private selskap. Ofte etter ein anbodsrunde.

Styringsinstrumentet for politikarane i denne forvaltningsmodellen er utgreiingar, planar og rapportar utarbeidd av forvaltninga. Til dette trengs konsulentar og rådgjevarar av alle slag som forer politikarane med eit utal slike styringsdokument. Politikarane skal gi premissane for desse utgreiingane, og så skal forvaltninga trekke konklusjonane. ”New public management” er ein styringsmodell henta frå store aksjeselskap, og passar også berre for store kommunar som har ressursar og kompetanse til å lage omfattande styringsdokument for politikarane. Det er eit sentralt moment i den pågåande kommunereforma. Kommunane må vere så store at dei kan halde seg med ei forvaltning som kan utarbeide dei styringsdokumenta som denne modellen krev. I realiteten er kommunereforma ei reform som skal tilpassast ein gitt forvaltningsmodell.

I små kommunar har politikarane ein sjanse til å ha konkret innsyn i dei tenestene som blir levert og eventuelle manglar ved desse. I større kommunar blir dei avhengig av å styre på bakgrunn av dei dokumenta frå forvaltninga, og med små sjansar for å skaffe seg personleg innsyn i aktuelle problem. Og dokument blir det så mykje av at det neppe er nokon politikarar som har tid til å lese dei. Når dei prøver med eigne politiske initiativ så skjer dette berre når pressgrupper eller at media kjem med avsløringar eller at ein vil profilere seg med meir eller mindre gjennomtenkte symbolsaker.

Det er ikkje noko nytt at forvaltninga har stor makt når det gjeld å sette politikk ut i livet. Det nye med ”New public management” er at dette er blitt formalisert. Politikarane skal ikkje blande seg inn i den daglege drifta av statlege eller kommunale tilbod. Dei skal berre halde seg til dei overordna måla og prinsippa, og til dei dokumenta dei får frå forvaltninga. I praksis er dette blitt ei styrings- og rapporteringsform der budsjettstyring er den viktigaste oppgåva for leiarane ute i organisasjonen. Ein må spare der ein kan. I tillegg til vedlikehald er utgiftene til lønn ligg mest lagleg til. Kan ein ikkje kutte ned på talet på tilsette, får ein tilsette så mange billige og ufaglærte som råd. I skulane satsar ein på ufaglærte assistentar i staden for spesialpedagogar i opplæring av funksjonshemma og i dei kommunale helsetenestene har vikarbyråa fått faste kundar. Kvaliteten på tenestene blir det lite snakk om. Og forfallet på alle kommunale bygg kan vi sjå kvar dag.

Føremålet med ”new public management” var å få ein meir effektiv og økonomisk offentleg sektor. Det er no meir enn 30 år sidan ein byrja med innføring av denne forvaltningsmodellen både på statleg og kommunalt nivå. Og trass i at ein har skilt ut fleire verksemder i eigne selskap veks talet på tilsette i offentleg sektor. Veksten kjem i første rekke blant dei som utarbeider planar og rapportar og andre styringsdokument for politikarane, og ikkje blant dei som yter tenestene. Og når det skal sparast er det på dette teneste nivået det skal kuttast. Forsikringar om at talet på byråkratar skal reduserast går att i alle valkampar. Når dette ikkje skjer er det fordi politikarane har gjort seg avhengig av ein forvaltningsmodell som har gjort dei hjelpelause utan byråkratane som kan lage planar, rapportar og andre styringsdokument for dei.

I praksis har politikarane langt på veg gitt frå seg styringa med det offentlege tenestetilbodet og overlate det til forvaltninga. Etter meir enn 30 år med denne forvaltningsmodellen på ulike område, og utan at dette har ført til ein meir effektiv offentleg sektor, burde ein sjå på om denne ”aksjeselskapsmodellen” er den rette for offentleg sektor. Men i staden køyrer ein berre vidare med ei kommunereform som skal gjere denne forvaltningsmodellen gjeldande over alt. Det gir korkje betre kvalitet eller betre økonomi i dei offentlege tenestene.

Karl J. Skårbrevik

NOREG SIN DEHUMANISERANDE STRATEGI, DEL 1

Menneskesynet i barnevernet

Av Margaret Hennum, 25. mai 2017
Eg er barnesjukepleiar med nærare 40 års arbeidserfaring frå helsevesenet. Med aukande kjennskap til areidsmetodane til barnevernet, slår det meg at der råder eit anna menneskesyn enn det eg kjenner frå eige yrkesliv.
Frustrerte og sterkt prøvde foreldre melder om eit barnevern som ikkje fører dialog, men som berre observerer, kommanderer og skriv rapportar. Frustrerte helsearbeidarar, lærarar, barnehagetilsette og barnevernsarbeidere melder om eit barnevern som ikkje fører dialog, men som einast krev rapportering.
«Sveket», av Kari Killén, er grunnboka om omsorgssvikt i utdanninga av barnevernsarbeidarar. Denne boka er skriva basert på oppfatninga hennar av ei mor som ikkje ynskte barnet sitt, slik ho sjølv sa det på eit fagseminar i Molde i 2009.

Maktmisbruk i det godes navn

Det brenner under føttene til norsk barnevern. Barn utsettes hver dag for alvorlig uforstand og maktmisbruk.

Ansatte beskriver hjerteskjærende trakassering også av barna deres. Flukten fra jobbene er stor. Nye kommer inn, sikkert med de beste forsetter om å hjelpe de barna de møter.

Familier i kontakt med den kommunale barnevernstjenesten er om mulig enda mer fortvilete og sinte over å ha fått livet sitt revet i stykker. Raseriet er ofte vel begrunnet, og deles av oss som på nært hold ser hvordan det som skulle være barnas sikkerhetsnett, ofte påfører barn uopprettelige skade og traumer for livet. NRK

Høring NOU 2016: 16 Ny barnevernslov
Høringsfrist: 30.01.2017

Selve høringsbrevet, samt alle svarene her

Svaret fra HRA-N I pdf

tilsvar_fr_hra-n_2c_h_yringssvar_til_nou_20.pdf

Kathrine Haugen i samtale med HRA-N`s leder, Berit Aarset

Kathrine Haugen, skaperen av Himmelblå, er i gang med film om det norske barnevern. 

Her i samtale med Berit Aarset

Angriper barnevernet

Storoffensiv mot Norge:Menneskerettsdomstolen skal granske sju norske barnevernsaker

Adopsjoner og fosterhjem

Da Emberland selv ikke har vært tilgjengelig for kommentar, er det ledende advokat hos Regjeringsadvokaten, Christian Reusch, som besvarer Dagbladets henvendelse.

- Jeg kan bekrefte at Menneskerettsdomstolen til nå har kommunisert i alt sju barnevernsaker mot Norge. Det er et betydelig antall saker innen samme saksfelt på en gang. Som Emberland er inne på i sin artikkel, ser det ut til at EMD er ute etter å prøve norsk barnevern, og om vi tar nok hensyn til vernet om familielivet etter EMK (Den europeiske menneskerettskonvensjonen), sier Reusch DAGBLADET

Symposium Live in Austria 23.september 2016

Direktesending på Østeriks tv , leder i HRA-N ca 3:05 ut i innslaget. 

Hele innslaget på youtube

Referat fra årsmøte i HRA-N 9.og 10.juli 2016

Denne gang ble årsmøtet holdt i Kristiansund

HRA-N ønsker å takke de som møtte på årsmøtet. Det var et overraskende antall som deltok.

Vi ønsker også nye medlemmer velkommen!

I år hadde vi lagt årsmøtet til Kristiansund, hvor vi leide lokaler hos ynglingforeningen.
Vi hadde forelesningssal og 2 store stuer som vi fikk ta i bruk denne helgen.

Flere av de påmeldte til årsmøtet meldte dessverre avbud. Det vi registrerte var begrunnelsen: Barnevernet hadde ringt, helt opp til dagen før, og gitt beskjed om at samvær ble flyttet til denne helgen fordi “fosterforeldre skulle reise på ferie neste helg. Skal dere ha samvær i sommer må det bli nå, hvis ikke får dere ikke samvær i sommer” Siden dette gjaldt folk fra hele landet, regner vi med at det var gitt beskjed fra høyt oppe i systemet. Er det Tromald i BUFDIR som er engstelig for at folk samler seg for å diskutere de brudd på menneskerettene som bl.a den etaten hun selv representerer?

Styret i HRA-N tolker dette som et kompliment for godt arbeid, da offentlige etater bruker så mye tid og ressurser i forsøk på å stanse oss.

HRA-N lar seg ikke stanse så lett, og årsmøtet gikk som planlagt.
Representanter fra styret var til stede fra fredag og vi fikk allerede da hilse på enkelte av deltakerne.

Årsmøtet startet lørdag kl.10 med gjennomgang av årsmelding, regnskap, saker og valg.

Foredraget var et tilbakeblikk de siste 25 årene, og den ga grunnlag for mange diskusjoner utover dagen.

Et av temaene denne dagen var selvsagt at HRA-N har 10-årsjubileum neste år. Allerede nå er vi i gang med planlegging frem mot dette, og her vil det deles ut både ærespris og vi satser på noe ekstra i jubileumsåret.

Allerede nå ønsker vi at det blir sendt inn forslag til hvem som bør motta æresprisen i 2017.

Forslag til dette kan sendes: leder@hra-n.no

Til middag hadde vi bacalao, og kaffe og kaker utover kvelden.

Søndag var som vanlig om “veien videre“. De siste deltakerne ble til søndags kveld, og vi avsluttet kl. 19.00

Styret i HRA-N ønsker med dette god sommer!

Appell Oslo 28. mai, advokat Jørgen Stueland

Barnevernsystemet masseproduserer lidelse. Det masseproduserer traumer, angst og bunnløs fortvilelse. Hvis en skulle måle kraften, energien i angsten som skapes, kunne man forsyne hele Oslo med strøm i flere år.

Advokat Stueland

Vår kommentar:

Advokat Stueland påpeker i apellen  det HRA-N sammen med mange andre har tatt opp i en årrekke: lidelsen i å adskille barn og foreldre. En meget sterk apell. Takk Jørgen Stueland!

17. mai angår meg ikke

17.mai. Jeg sitter alene. Hører ikke på radio. Ser ikke på tv. Min pc har jeg skrudd av. Jeg vil ikke vite noe av denne dagen. Den vedrører meg ikke. Den er en fremmed som står og hamrer på døren min. Men jeg slipper den ikke INN. Aldri vil jeg slippe den inn. Aldri mer. Dagen er en ond likegyldighet i bunnen av alt som en gang var meg.

Advokat Stueland

Vår kommentar:

For svært mange mennesker i  Norge er nok , dessverre som advokat Stueland beskriver over, 17. mai kanskje den verste dagen i året sammen med julaften. Høytidsdager som burde vært feiret med barn og familie er ruinert av norsk barnevern. Vi burde skamme oss for at vi tillater at dette systemet får fortsette! 

- Å fjerne barn fra deres foreldre, skal bare gjøres som en siste utvei og for en veldig kort periode

Europarådets menneskerettighetskommisær kritiserer Norge.

- Vi må gripe inn for å støtte familiene, slik at de kan forbli sammen og barna kan være med sine familier. Å fjerne barn fra deres foreldre, skal bare gjøres som en siste utvei og for en veldig kort periode, uttalte Muiznieks. Db

Barnevernbanden slo til igjen!

KIDNAPPET BARN PÅ HØYLYS DAG!

Denne uka kidnappet forskjellige barnevernkontor i Norge mer enn 20 barn, og plasserte dem på hemmelig sted uten å informere foreldrene om det. Samtidig ble foreldrene kastet på glattcelle og holdt bak lås og slå. Bare ved vårt kontor, har vi i helga arbeidet med å få hjem 6 av disse barna. Dette er dokumenterbare tall. advokat Sylte

Fra demonstrasjonen i Stryn 16. april 2016

HRA-N takker arrangørene for invitasjonen!

Vi legger appeller og film under

Leder i HRA-N Berit Aarset`s appell:

Takk for invitasjonen.
Namnet mitt er Berit Aarset, eg er utdanna anestesisjukepleiar,
og er leiar i Human Rights Alert – Norway (HRA-N) som er ein registrert menneskerettsorganisasjon og NGO.

Kari Killen sa ved opninga av Senter for foreldre og barn i Molde i 2009; «Oss og dei». Det er ikkje ofte vi er einige med barnevernet sin store guru, men unntaket må vere denne gongen: det er «oss og dei» - kor vi er i fleirtal.
I følgje ein nyleg offentleg gjort rapport er rundt 94.000 barn plassert under barnevernet sin omsorg.
Men talet er sikkert høgre fordi såkalla frivillig plasserte er registrert som hjelpetiltak. I tillegg kjem dei som er adoptert bort mot foreldra sin vilje.
Noreg har bygd opp eit image i utlandet, som eit land der menneskerettskonvensjonane blir respektert. Dette ved å opptre som fredsmeklarar, påpeike brot på menneskerettane i andre land pluss den årlige Nobels fredsprisutdelinga og -konserten som blir sendt på tv til heile verda.
Men FN har kritisert Noreg sidan 2003 for, at for mange born er plassert i fosterheim og institusjonar i forhold til innbyggjartalet, men utan at myndigheitene har vist teikn til å endre praksis.
I staden, snakkar barnevernsystemet sitt propaganda apparat om psykisk sjuke, valdelige og rusa foreldre. Vi i HRA-N har knapt møtt slike foreldre, 99% er gode mennesker i sorg og med sterke historier der utallige overgrep frå forvaltninga kjem fram.
Born som blir tatt frå foreldra sine av barnevernsystemet blir svært sjelden plassert hos familie; borna blir sendt til framandfolk, som får betalt opptil 60 000kr pr månad.
Søsken blir splitta. Foreldre og søsken får ikkje møte kvarandre. Born får lovfesta samvær med foreldre i frå 2t til 16 t/år, som blir delt på 2-6 møter. Barnevernet kan auke samværstida , men gjer det sjeldan.

Det er hevda at så mange som 80% av dei tvangsplasserte borna burde få vekse opp i biologiske heim om konvensjonar, lover og reglar blei respekterte.
Det er om lag 1.1 millionar born under 18 år, og for nokre år sidan hevda Statens folkehelseinstituttet i ein rapport, at ca 450 000 av borna i Noreg lever under forhold som ikkje var akseptable.

Born av utenlandsk opphav får ofte ikkje lov/høve til å snakke morsmål sitt, og blir dermed fråtekne språk- og kulturell identitet. HRA-N veit om fleire tilfeller der born av muslimar og hinduar har fått svinekjøtt /biff å spise, som er tabu i forhold til deira religion.

Seksuelle overgrep, vald og psykiske traumer er risikoen i kvardagen for mange av desse tvangsplasserte borna, men barnevernet hevdar at slike påstandar er sverting av bv-systemet.

Mange har krevd offentlig gransking av barnevernet, et krav som den norske stat avviser.

Vi kjenner alle til tidligere overgrep; som fornorsking av samebarna , barneheimsskandalene og i fjor/2015 var det ein tv overført seremoni i Aulaen på Universitetet i Oslo der offentleg orsaking blei lest opp og gitt for tidlegare overgrep mot tater og romanifolket.

Dette viser at forvaltninga og staten gjer overgrep mot barn og familier i generasjonar.

Vi vil takke alle eldsjelene i inn- og utland som står bak desse arrangementa i dag .

Tilslutt vil HRA-N oppfordre til handelsboikott av norske varer og tenester inntil menneskerettane i Noreg blir etterlevd i forhold til born og deira familier.

Appell fra Margareth Hennum, pediatrisk sjukepleiar:

Eg heldt denne appellen under demonstrasjonen i Stryn den 16. april, mot overgrepa i norsk barnevern.

Eg er barnesjukepleiar og har arbeidd med sjuke born og familier i krise i snart heile mitt vaksne liv.  Og eg er mor til to born, men har likevel aldri hatt med barnevernet å gjere.  So kvifor står eg her då?

Jau, for 8 år sidan las eg ei bok som heiter «Maktovergrep og justismord» av Berit Aarset; ei bestemor som fortalde om då barnevernet fjerna den friske og sunne eittåringen frå mora. 

Eg, som knappast hadde tenkt på barnevernet tidlegare, fekk meg ein augeoppnar so gjer at eg kan ikkje la vere å stå her!

Etter eg las boka såg eg at alarmerande mange har liknande historier.  Og eg har sett at barnevernet, som har ordet «vern» i namnet sitt, er ingen vernar, men har sjøl vorte ein stor trussel mot liv og helse til borna våre!

Barnevernet har som uttalt  mål å fjerne stadig fleire born frå heimane, og dei gjer det.  Men det er ikkje dei vanskjøtte borna dei fjernar. Flesteparten av dei er friske velfungerande born, utan teikn på vanskjøtsel.

Det kan ikkje stemme, seier du; det må vere noke meir, ikkje sant!  Jau, for so vidt er det det, men ikkje der ein skulle tru.  For barnevernet trur seg nemleg istand til å vurdere kven som er i stand til å fostre born eller ikkje.

So sjøl om borna for so vidt har det ok no saman med foreldra, meiner dei å sjå foreldra som ein trussel for borna i framtida.  So gjer dei akuttvedtak om fjerning, og påfører barnet det største tapet eit barn kan få: tap av foreldre, tap av syskjen, tap av besteforeldre, venner og alt dei høyrer til!

Det er over 50 år sidan at helsevesenet forstod at foreldre laut vere med når borna var innlagde på sjukehus.  Helsevesenet forstod då at sinnet, fortvilinga og til slutt apatien som borna viste der dei låg aleine i sjukesenga, var tapsreaksjonar, naturlege reaksjonar på tap av foreldra.  No 50 år seinare skil barnevernet stadig fleire born frå familiene sine, og barnevernarane er stolte av det!

Ida-saka som Stavanger Aftenblad skreiv om no nyst, fortel om ei jente som vart aggressiv fyrst etter barnevernet kom inn i bildet.  I mangt eit notat beskriv barnevernet borna dei har fjerna, som aggressive, fortvila og deprimerte.

Barnevernsadvokaten Sverre Kvilhaug seier at i alle dei sakene han har vore inne i, so har han ALDRI opplevd at barnevernet har reflektert over om dei sjølve kan ha skapt aggressive, fortvilte og deprimerte born; desse naturlege reaksjonane på tap av familie.

Heimlause, lengtande og utrygge born, vert skadde born.  Dei vert sette tilbake i utvikling og vert hindra ei normal og sunn utvikling.  Barnevernet, som raskare og raskare produserer desse heimlause borna, kan ikkje vite kva det vil sei å høyre til!

I tiår har dei profilert seg for andre samfunnsinstitusjonar, som helsestasjon, skule, sjukehus og Bufetat, i tillegg til barne- og ungdomsorganisasjonar, som nokon ein må melde frå til ved den minste uro over eit barn. Mange har fylgt denne oppmodinga, og sit igjen i sjokk over at barnevernet straks tømer heimen for born.

Barnevernet vil ha meir pengar.  Men det skal dei ikkje få, for det treng ikkje dei, dei treng mindre pengar; for dei må misse fleire funksjonar.

Det oss treng barnevernet til, er til hjelp for vanskjøtte born, desse som vert svikta av barnevernet idag.

Oss aksepterer ikkje at barnevernet skal vere inntrengjar i livet til normalt fungerande familier.  Den hjelpa normalt fungerande familier treng frå det offentlege, finst det offentlege intitusjonar til å ta seg av allereide, som helsestasjon, skule og sjukehus. Og so må kommunene få på plass igjen husmorvikaren!

Til barnevernet har mist mesteparten av dei noverande funksjonane, må oss slutte å melde frå om anna enn sikker vanskjøtsel.

Barnevernet er no ikkje berre eit trugsmål mot dei direkte involverte, men det undergrev i tillegg dei viktige funksjonane til helsestasjonar og desse andre som skal yte oss tenester.  For ingen bør ta sjansen på å vise seg sårbar overfor hjelparar som er instruerte til å vere angjevarar til barnevernet.

Eg kjem ikkje på noken som er mindre truverdig, og so eg vil åtvare meir mot, enn den som med makt kan fjerne eit 3 mnd gamalt spedbarn frå brystet til mora si! 

Slike skal ikkje ha hand om borna våre.  Alle som er frårøva borna sine må no få sett på sakene sine på nytt i ein kvalifisert granskingskommisjon,  og alle born som vil, må no få kome heim til familien sin.

Om norsk barnevern på tysk tv.
I reportasjen frå Deutsche Welle (DW) i Berlin  om norsk barnevern får vi m.a. stadfesta, det HRA-N har sett i årevis, kven som er målgruppa for å få barnet/barna sine tvangsplassert i fosterheim/institusjon.
HRA-N har vore i kontakt med DW sidan januar

DW  (Om man ikke kommer direkte til innslag se til høyre: Norway: Child services under fire )

Massedemonstrasjoner mot norsk barnevern i 19 land

Flere tusen mennesker demonstrerte mot norsk barnevern i Romania lørdag. Denne måneden holdes det nitten demonstrasjoner mot norske ambassader på tre kontinenter i forbindelse med en omstridt barnevernssak.

VG

12345Neste

Støtt vårt arbeid for barn og familier her!

KONTINGENT 2016

Kontingent 2016:

Familie m/barn under 18 år kr. 350,-

Enkeltmedlem kr.250,-

 Betales inn over nettbank med melding: navn og adresse

Kontonr:  1503 0626 114

Bank: DnB NOR BIC: DNBANOKKXXX A/C for international payments:

NO54  1503 0626 114

Forskningsprosjekt om biologisk tilknytning

Forespørsel om deltakelse i forskningsprosjekt:

Jeg heter Ola Kristian Johansen og er masterstudent i sosiologi ved NTNU. Dersom du har bodd i fosterhjem eller på barnevernsinstitusjon, er mellom 18 og 40 år er det deg jeg henvender meg til.
Dette er et forskningsprosjekt om hvordan personer som har vært i offentlig omsorg opplevde og opplever kontakten med sine biologiske foreldre, og hvordan dette preger oppveksten og voksenlivet.
Prosjektets formål er å finne ut mer om hvordan sosial identitet konstrueres gjennom biologisk tilknytning og sosiale bånd. Det jeg finner spesielt interessant å undersøke er personer som har vokst opp i det offentliges omsorg sin relasjon til sine biologiske foreldre, og hvilke konsekvenser kontakten, eller mangel på kontakt - med de biologiske foreldrene har for utviklingen av den sosiale identiteten.

For å innhente denne informasjonen vil jeg intervjue alle deltakerne ansikt til ansikt. Alle opplysningene som fremkommer i undersøkelsen blir behandlet konfidensielt. Din deltakelse er frivillig og du kan trekke deg så lenge prosjektet pågår uten å oppgi noen grunn.

Prosjektet avsluttes i juni 2014. Da vil alle opplysninger om deltakerne være anonymisert og personopplysninger slettet. Prosjektet er meldt til Personvernombudet for forskning, Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS

Hvis du ønsker å delta kan du skrive en mail til olakristianj@gmail.com



-- 
Vennlig hilsen
Ola Kristian Johansen
Tlf 41434174 
Blogg

Tips frå ein politikar som las boka

Første gongen las han berre sakspapira frå barnevernet, og det kunne sjå ut som ei innlysande sak. Men andre gongen las han både sakspapira og familien sin dokumentasjon; og såg då at dette var eit maktovergrep mot barnet og familien. Les og lær korleis barnevernet konstruerer ei sak utan ei einaste bekymringsmelding!

Haugen bok

 

|

Krav om gransking av barnevernet-Underskriftskampanje.

Det er i tillegg til listen som ligger ute på nett kommet inn ca 2500 underskrifter.HRA-N oppfordrer alle til å støtte opp om denne!

Den ufødte

Den ufødte babyen spurte Gud: "De forteller meg at du vil sende meg ned til jorden i morgen, men hvordan skal jeg klare å leve der når jeg er så liten og hjelpeløs?" Gud svarte: "Den engel vil vente på deg og ta vare på deg." Men hvem skal beskytte meg?" Gud sa: "Din engel vil beskytte deg, selv om det innebærer å risikere sitt eget liv." Babyen sa: "Gud, kan du være så snill å si meg min engels navn?" Gud svarte: "Du vil ganske enkelt kalle henne Mamma."

|

Beskjeder gjennom boksen- Viktig!

Det har kommet flere henvendelser gjennom "kontakt oss" boksen på sida vår.

Det er umulig for oss å svare på disse uten at det legges inn mailadresse eller tlf.nr.

Vi beklager dette!

Styret i HRA-N

Vi krever nå at fylkesnemdssaker og norske rettssaker blir tatt opp med lyd og bilde.

Til: Fylkesnemda og domstolene

Vi krever nå at norske rettssaker blir tatt opp med lyd og bilde. Målet er å styrke rettssikkerheten.
Vi krever at dette må også gjelde fylkesnemnda til den er nedlagt.

Hvis du har en sak som går for fylkesnemda eller domstolene vil det bli tatt opptak av forklaringene som gis av alle parter og alle vitner. Det vil gi en bedre og styrket rettssikkerhet hvis saken skal gå videre til tingretten eller hvis man må anke saken videre til lagmannsretten eller høyesterett.

Skriv under her
|
NRK1 BRENNPUNKT 9. NOVEMBER 2010
HRA-N har mottat en pressemelding fra familien som vi vil gjengi utdrag fra her. Familie måtte flykte fra Norge for å redde barnet Systemkrisen i barnevernet rammer barn med diagnoser og barnevernet tar ofte barn med diagnoser de ikke forstår. NRK1 Brennpunkt 9. november kl. 21.30: En autistisk jente måtte smugles fra barnevernets beredskapshjem til Østerrike for å kunne bo sammen med familien og få oppfølging for diagnosen. Barnevernet i Bærum trodde ikke på en genetisk, medfødt diagnose og kom med falske beskyldninger om familien. Barnevernet i Bærum overkjørte faglig ekspertise. Datteren ble nektet nødvendig medisinsk hjelp i en krise og barnevernet holdt på å drive henne til selvmord (11 år gammel).   Hvorfor barnevern? Familien søkte hjelp fra helsevesenet for datteren som fikk spiseforstyrrelser etter dødsfall i familien og flytting, og kom med dette i kontakt med barnevernet. Hun var innlagt på Ungdomspsykiatrisk klinikk/Ahus i en måned uten at de ville utrede henne. Hun ble utskrevet som frisk og ferdigbehandlet og gitt til barnevernet med en BMI på 13. Familiens bønn om utredning ble ignorert av barnevernet og da barnet til slutt ble utredet var konklusjonen klar: Aspergers syndrom og barnet burde sendes hjem umiddelbart. Likevel ville barnevernet heller sende barnet til et nytt fosterhjem med minimal kontakt med familien. Man prøvde alt for å så tvil om diagnosen for å skjule feilen som var gjort. Flukt fra Norge var eneste mulighet for å redde livet til datteren. I Østerrike ble diagnosen bekreftet, terapi gitt, hun bor sammen med familien, og der er ingen barnevernssak. Familien måtte ofre jobb, bosted, nasjonalitet og muligheten til å bo samlet. Familien var heldig som klarte å komme seg ut av Norge. Men hva med andre barn med nevrologiske diagnoser som ADHD, autisme, Tourette, dysleksi osv som er i samme situasjon – uten mulighet til å bo sammen med familien pga barnevernet? ___________________________________________________________________________ Man tar det for gitt at barnevernsbarn kommer fra dårlige hjem og at løsningen er stillinger, penger og mer makt til barnevernet. Sannheten er at barnevernet mangler kriterier for omsorgsovertakelse, evne til prioritering og derfor ofte tar feil barn. Barnevernets egne sakkyndige skriver bestillingsverk for å sverte familien. Familien og barna lider stort og barnet blir ødelagt for livet i et barnevern uten omsorgsevne og styring. Vi håper at disse problemene blir belyst i media, behandlet politisk og forsket på. Filmen belyser viktige spørsmål: Er barnevernet riktig sted for barn med diagnoser eller bør slike barn få hjelp av PPT og helsevesenet i samarbeid med foreldre? Har barnevernet rett til å overkjøre helsefaglige vurderinger gjort av eksperter på diagnoser ved at de bruker sine egne sakkyndige? Hva vi trenger i et kompetent og menneskelig barnevern: 1. Barn i barnevernet gjennomgår barnepsykiatrisk screening av helsevesenet. 2. Barnevernet følger anbefalinger fra helsevesenet. 3. Barn med lettere diagnoser bor hjemme og får oppfølging fra BUP/PPT. 4. Sakkyndig arbeid gjort av private konsulenter avskaffes. 5. En nøytral klageinstans retter opp feil i enkeltsaker. 6. Ingen omsorgsovertagelse uten beviselige straffbare handlinger. 7. Fylkesnemden legges ned og saker om omsorgsovertagelse går for Tingretten. 8. Barnevernet hjelper barn utsatt for reelt omsorgssvikt. Vi tror åpenhet om problemene i barnevernet og dokumentasjon av overgrep er det eneste som kan føre til forbedringer.
04.11.10 08:39

Til kamp for foreldra

Sorggrupper
Det første store målet er å starta sorg- og sjølvhjelpsgrupper over heile landet.

– Mange opplever stor sorg og trauma på grunn av at borna vert tekne frå dei. Mange opplever også å sjå at borna størjer og vil heim, utan å få lov til det. Barnevernsinngrepa fører i mange tilfelle til at born og foreldre lever i ei opa sorg og permanent krise over mange år.

Vår kommentar:

Slik Sunnmørspostn har vinklet overskriften ser det ut for at denne kampen kun gjelder foreldrene. Dette medfører ikke riktighet, og vi understreker at vi fokuserer på familien-barn og foreldre!

Reaksjoner utenfra:

Er barnevernet ein venn eller ein fiende? sfm.no 

c.pdf

Info in arabic

حملةالتوقيع على طلبات التحقيق في مجال حمايةالطفولة في النرويج

في الأونة الأخيرة قد أكتشفت عن العديد من الإنتهاكات الخطيرة لحقوق الإنسان وهنانشير إلى بعض الأمثلة

 

عدد كبير من الأطفال يتعرضون للإساءةالبدنية والنفسية والجنسية

aftenposten7/11-2008/,veg4/11-2008,adressa14/1.2008

كما نشرت  بعض الصحف من بينها

هذه مجرد أمثلة قليلة فقط ، واعلى من الجبال الجليدية الضخمة

نتيجة سلطة مؤسسة حماية الطفولةعدد كبيرمن الأطفال والأباء والأمهات ينتحرون

كل سنة

 

barnevernsalliansen

 

 

تتعاون مع عدة منضمات وجمعيات والفرق وبالتالي تحتاج إلى إستعراض كامل والتحقيق مع  مؤسسة الطفولة النرويجية ولقد ارسلت هذه الطلبات الى  البرلمان

HRA-N visittkort

Visittkort som kan skrives ut.

hra_n_visittkort_1.pdf